Flåmsbrygga Hotell
Hotel |
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.
Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell & Apartments, Wangen Apartments i Aurland, Fjord Bistro, Flåm Restaurant og Ægir Gastropub – eit unikt bygg i vikingstil, der du finn noko av det beste handverksølet i verda!
Flåmsbrygga ligg berre nokre få steg frå Flåmsbana og båtane.
Å bu på Flåmsbrygga Hotell er perfekt for å gjennomføre Norway in a Nutshell®-turen, og for aktivitetar som FjordSafari, sykling, fotturar, skikøyring eller trugevandring og dagsturar.
Utforsk Ægir Gastropub og smak kombinasjonen av handverksøl og lokal mat.
Prøv våre populære pakkar – fjordsafari, trugevandring eller fotturar – og nyt spesialiteten vår; Ægir Vikingplanke, ein 5-rettars lokal meny med 5 handverksøl.
På Flåm Restaurant kan du nyte lunsjbuffé og à la carte-meny frå mai til september.
På Fjord Bistro kan du nyte lokal mat og internasjonale rettar, eller ein liten matbit, kaffi og kake på terrassen ved fjorden.